foyot.blogspot.com
Blogg | Om meg | Inspirasjon | Kontakt
Eg veit mange sliter med å finne julegaver til mødre, men her skal du få ein del tips. 

Dei fleste blir kjempeglade for ein parfyme, men du burde vere ganske sikker på korleis smak mora di har når det kjem til duft. Er ho ein av dei som likar søte dufter, eller skal det vere meir krydra? Du kan lett finne ut dette ved å sjekke oppi korleis parfymar ho brukar. Viktig å huske på at no før jul kan ein kjøpe fine gavepakkar der ein får med(somregel) ein body lotion i prisen til parfymen. Det er jo ikkje dumt, eller kva?

Ellers er sminke ein ganske sikker vinnar. Ein fin lipgloss fra dior, eller eit fint sett med øyenskygga fra chanel. Det er masse fint å velge å vrake mellom til ein grei pris. 

Hudprodukt er alltid kjekt å få, om det er til ansikt eller til kropp. Sånn som med parfymer er det mange fine gavepakkar før jul, der du kan stikke av med hudprodukt til ein billig pris.

http://weheartit.com/entry/3480947

Om du har sett at mora di har kikka på eit par med sko over ei tid, er dette kanskje den perfekte gava til jul. Det same gjeld eigentleg klær og smykker. Om du veit mora di har ønska seg ei jakke, eit skjerf eller ein kjole, er dette ein fin ting å gi. Her er det veldig viktig å vite korleis størrelse, og korleis farge.

Toalettmappe/veske, veske, lommebøker er noko ein alltid vil ha bruk for og derfor ein smart ting å gi til jul, og vil sjølvsagt bli populært under juletreet.

Om du har ein lesehest til mor, burde du kanskje vurdere å kjøpe ei eller to gode bøker. Du kan lett finne nye bøker ved å ta ein tur innom bokhandelen eller kikke på nettet.

http://weheartit.com/entry/5411146

Om du har litt meir peng å bruke er verken ein reise, eller spa noko som hadde blitt upopulært. Kanskje dette er noko heile familien burde satse på som gave til ei snill mor? Eit spa-opphold, eller ein vennine tur til London?

Ein kan alltids satse på kjøkkenredskap til ei mor som er glad i å lage mat. Kva med ein ny kjøkkenmikser, eller kanskje ei ny kaffemaskin? Det har jo komme så mange nye og flotte kaffemaskiner på markede nå, så kanskje dette skal vere åretsjulegave?

Kanskje mora di er ein av dei som faktisk ikkje har eit digitalkamera, eller ein bærebar pc? Det er mange billige og gode produkt på markede.

http://weheartit.com/entry/3280970

Det er masse fint ein kan gi som julegaver, men noko av det finaste er kanskje noko du har brukt tid og energi på. Da viser du jo berre kor masse du har tenkt på mora di, og kor masse ho betyr for deg, og det er vel dette vi vil skal vere resultatet? Ei blid og fornøygd mor, som veit ho har ungar som er glad i seg, og bryr seg om seg. Om du velge å male eit bilete, teikne eller lage noko, trur eg ho blir overlykkeleg for det. Eit kort med nokre fine ord, kan også vere meir enn nok.
Dato: lørdag 11. desember 2010    //   Tid: lørdag, desember 11, 2010   //   Kommentarer: 0


Om du lure på noke kan du kontakte meg på monicaflatland@hotmail.no







Follow Foto

Moteblogger

Bloggen er underlagt lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder, design eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold, og det som ikke er eget får oppgitt kilder.






Designet laget av Helene // humlekyss.net