foyot.blogspot.com
Blogg | Om meg | Inspirasjon | Kontakt
Design

Designet har overraskande mykje å sei for ein blogg. Om designet er bra blir plutselig alt mykje bedre. Kva som er eit "bra" design er eigentleg ganske varierande. Det kan vere alt fra eit enkelt kvitt design som fks. livingdoll sitt, eller så kan det vere eit meir spennande fargerikt som fks. hjartesmil sitt. Det viktigaste er at innlegga kjem fram. 

Tekst/Skrift
Det som er viktig her er at skriften er stor, og tydelig nok. Vi skal jo faktisk forstå kva som står i innlegga. Kva er vel poenget å skrive lange tekstar, om ingen greier å lese kva som faktisk står der? Mellomrom er også sinnsjukt viktig.

Begrens innholdet. Det er ingen som orka å lesa ei A4 side utan mellomrom om kva du åt til frukost, korleis matteoppgaver på skulen du ikkje forstod, og kor lenge du stod i dusjen. 


Bilder
Eigentleg synest eg bilder fra weheartit trekker ned, men i det siste har eg brukt det ein del sjølv. Det er liksom så lett å berre skrive inn søkeordet, og finne det perfekte bilde der. Bilder i innlegg burde vore ein sjølvfølge, ifølge meg. 

Om du har ein lang tekst så kan du gjerne dele den opp med nokon passande bilder imellom. Ta vertfall ikkje andre sine bilder, og skriv at det er dine eigne. Det er vertfall fyfy. 


Kvalitet framfor kvantitet, synest eg er veldig viktig og. Har eigentleg ikkje så veldig lyst å skrive meir om kva som gjer ein blogg bra, sia det er så masse forskjellig. Det har jo mykje med kva bloggaren blogga om, og kva som er målet med bloggen til vedkommande. Det er mange forskjellige bra blogga, sånn at det er sagt. Alt fra kvardagsblogga, fotoblogga til moteblogga. 

Dato: mandag 31. januar 2011    //   Tid: mandag, januar 31, 2011   //   Kommentarer: 6


Om du lure på noke kan du kontakte meg på monicaflatland@hotmail.no







Follow Foto

Moteblogger

Bloggen er underlagt lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder, design eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold, og det som ikke er eget får oppgitt kilder.






Designet laget av Helene // humlekyss.net