foyot.blogspot.com
Blogg | Om meg | Inspirasjon | Kontakt
Nå som utruleg mange ligger sjuke tenkte eg at eg kunne komme med nokon tips til korleis ein kan ha det koselig/bra sjølv om ein er sjuk. Desverre har eg ikkje så mange råd om korleis ein alltid kan holde seg frisk. Det er vel berre dei kjende råda som å kle seg etter været, få i seg vitamina, vere ute i frisk luft osv.


Det er ekstremt viktig å drikke masse. Sjølv anbefala eg juice, appelsinjuice, men om du har vondt i magen skal ein helst drikke eplejuice blanda med farris. Om du har lyst på noke anna vil eg vertfall anbefale milkshake, eller kakao/te. Spørst jo eigentleg litt korleis sjuk ein er, og kva ein lika. Om ein sitter å skjelv så er vel ikkje milkshake det som frista mest, eller kva? Sjølvsagt må eg få med smoothie, for dei som lika det. 


Når det kjem til mat er det eigentleg ikkje så veldig viktig kva ein akkurat ete, det viktigaste er jo faktisk å få i seg noko. Utruleg mange foretrekke junk food når dei er sjuke, og det er jo ganske forståeleg. Sjølv er eg glad i nuddla, eller noko anna godt. Frukt med vaniljekesam er forresten ekstremt godt, sjuk eller ei. 


Det beste ein kan gjer er å slappa av i senga, eller på sofaen med ei god bok/film eller ein bra serie. Sjølv foretrekke eg "how i meet your mother" når eg er sjuk, eller ein film i sjangaren komedie. Om du har litt meir energi og faktisk greier å bevege deg ut av senga er det fantastisk godt med eit bad med ein god olje, hårkur, ansiktsmaska og fin musikk. Er du heldig og har enda meir energi vil eg anbefale deg å komme deg ut i frisk luft. Gjerne gå ein liten avslappande tur. Frisk luft er vertfall bra. 



Sov masse, slapp av, og ta tiden til/som hjelp er rådet mitt. Og til dei som faktisk ligger sjuke akkurat no; god bedring!
Dato: tirsdag 25. januar 2011    //   Tid: tirsdag, januar 25, 2011   //   Kommentarer: 0


Om du lure på noke kan du kontakte meg på monicaflatland@hotmail.no







Follow Foto

Moteblogger

Bloggen er underlagt lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder, design eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold, og det som ikke er eget får oppgitt kilder.






Designet laget av Helene // humlekyss.net