foyot.blogspot.com
Blogg | Om meg | Inspirasjon | Kontakt
Eg veit det er mange som er på utkikk etter eit bra kamera, gjerne litt mindre enn speilrefleks, derfor skal eg ta føre meg to ulike kamera som går som digitalkamera med manuelle innstillinga. 


Canon G11 kjøpte eg i slutten av sommarferien, og var kjempefornøygd den første tida. Kamera er bra når det er bra lys(ute i dagslys), men når den faktoren sig,  gjer jammen kvaliteten på bildene det og. Kamera er i ein fin størrelse, sjølv om det gjerne kunne vore litt mindre og lettare. No har det komme ein bedre/nyare versjon av G11, altså G12 så eg håpa kamera er bedre på dei tinga som trekker G11 ned. I det siste har bildene tatt med G11 vorte veldig dårlege, og eg las på ulrikke lund sin blogg at det samme gjaldt ho. 


bilde tatt med canon G11

Til jul fekk eg Olympus E-PL1 som er eit heilt fantastisk kamera når det kjem til farga. Eg synest faktisk kamera er bedre enn mange "proffe" når det gjeld å trekke til seg farga. Kamera trekker også til seg masse lys, men nettsom med G11 kunne dette vore bedre. Kamera er heller ikkje så særleg raskt, men funka fint. Det som er så kult med dette kamera er at det har ulike effekta, sånn som nøkkelhul,  kornete film, diorama osv. Bilde i natur/ute blir vertfall heilt fantastiske med dette kamera. 


bilde tatt med olympus E-PL1

Prisane variera veldig fra kor ein kjøpe dei, så det er ganske lett å finne ut ved å google, eller sjekke heimesidene til ulike butikka/nettbutikka. Eg har kjøpt begge på japanphoto, og er veldig fornøygd med nettsida deiras. Mykje billigare enn i butikken. Du finner lett informasjon om kamera ved å google også.

Bildene på bloggen blir anten tatt med eit av desse, canon 450D eller canon 7D. Også viktig å huske på at dei aller fleste bildene er redigerte. Somregel litt annleis farga og skarpheit. 
Dato: søndag 27. februar 2011    //   Tid: søndag, februar 27, 2011   //   Kommentarer: 12


Om du lure på noke kan du kontakte meg på monicaflatland@hotmail.no







Follow Foto

Moteblogger

Bloggen er underlagt lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder, design eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold, og det som ikke er eget får oppgitt kilder.






Designet laget av Helene // humlekyss.net