foyot.blogspot.com
Blogg | Om meg | Inspirasjon | Kontakt
Før når eg var mindre såg eg på leppestift som ein "bestemor-ting". Det var sånn som besta hadde, det var sånn som besta brukte, men kven skulle tru da at det kom til å bli favoritt produkte mitt? Det handla sjølvsagt om å finne eit/fleire merke ein er fornøygd med. Om eg skal gå for sterke farga, går eg for dyrare merke fordi den held betre på plass. Det er jo aldri kjekt å sjå seg sjølv i spegelen, og oppdage at ein faktisk har leppestift langt nedpå haka.

Det neste "leppestift innkjøpet" blir mest sannsynleg ein fra dior, dei har fått så mange fine farga. Synest det er herlig at leppestiften kjem litt inn igjen i bilde hos unge, for ikkje så lenge sia var det jo lipglossen som gjaldt.

nokre av favorittprodukta på badehylla. 

Concealeren er også eit veldig viktig produkt for mange Om du er litt raud rundt nasen, mørk under auga...ja, ikkje fortvil; om du finn ein god ein kan den dekke det meste. Det handla mest om å finne ein som dekkar i den graden ein vil den skal dekke, og ein som ikkje synest(altså rett farge). Om den følest feit og ubehagelig burde du vurdere eit anna merke, er jo veldig forskjellig kva folk lika. 

bilde funnet på google med søkeord dei ulike merka(dior cocealer osv.

Foundation/pudder er ofte den tingen folk synest er vanskeligast. Folk veit ikkje heilt korleis farge dei skal bruka, korleis merke, korleis dekkevne osv, men det er her ansatte på parfymeri/sminkeforetninga kjem inn. Det er mykje bedre å spør om hjelp eller anbefaling, enn å kjøpe ein til 300-500 kroner til feil farge, og ikkje den konsistensen ein vil den skal ha. 

Om du skal bestille på nettet og ikkje er sikker på korleis farge du skal ha vil eg anbefala deg å sjekke ut produktet i eit parfymeri, eller google det. Det finst faktisk nettsider som har laga til lister med ulike farga til ulike produkt.. Der det står fks: medium beige i i.d og om ein skrolla ned i samme rute, kan ein finne fargen ein burde bruke i NARS sin foundation fks. Ganske smart med andre ord, vertfall når ein skal bestille produkt som ein ikkje finner i parfymeriet. Sida finner du HER

Du kan finne mange slags ulike foundationa. Flytande, faste, pudderform osv, men det handla om å finne den ein lika best, og den som følest rett på huden. Det samme gjeld korleis konsistens den skal ha. Skal den vere lett med lite dekkevne, eller skal den vere tjukkare og dekke bedre? Om du ikkje er fan av foundation verken som pudder, eller flytande vil eg anbefale deg ein fuktigheitskrem med farge. Den dekka ikkje noko særleg, men gir ein fin og frisk glød.

Det er heller ingen fasitt på korleis ein skal påføre foundation. Nokon likar å påføre den med hendene, kost, mens andre vil påføre med svamp. Så lenge ein blir fornøygd med resultatet har det jo absolutt ikkje noko å sei. Sjølv om vennina di brukar kost, er det ingen som seier at du må det.

Forresten; viktig å ha eit underlag(særleg om huden er tørr) for ellers kan ein risikere at foundationen vil sjå veldig forskjellig ut fra plass til plass, og det er det vel ingen som vil?




Har du lagt merke til kor forandra folk kan bli med litt mascara, og kor mykje meir våken ein føler seg? Det som er viktig med mascara er å finne ein som ein er fornøygd med, og ein som held seg på auga(altså ikkje dryssa av). Det eg anbefala folk å gjer er å prøve forskjellige merke og forskjellige kosta. Ein veit jo aldri kva ein likar best før ein har prøvd ulike typar. 

Det som er veldig viktig med mascara er å bytte den ut etter nokre måndar, ellers vil den fort kunne vere ei gigantisk bakteriebombe. Om du har fått augnekatar av grunna du ikkje veit, vil eg anbefale deg å kaste mascaraen i lesande stund. Lån aldri vekk mascaraen vekk, uansett om det er bestevennina eller mora.

bilde funnet på google med søkeord dei ulike merka(dior cocealer osv.

Blush gir ansiktet ein fin glød, og kan "piffe opp" eit matt/grått ansikt. Det handlar om å finne ein blush ein likar, og synest ser fin ut.  Ein burde sjå på undertonen sin før ein skal gå til innkjøp av ein blush. Skal den vere kald eller varm. Det som også er veldig viktig er å finne ein farge som passar ein, og ein farge som ein sjølv likar. Og JA; det er forskjell på blush og solpudder.

Når ein skal påføre solpudder er det viktig å ha godt lys, og naturlig lys. Lyset på badet vil ofte vere gult, og da vil ein ikkje kunne sjå korleis det ser ut i dagslys. Eg lure på kor mange det er som har stått å sminka seg på badet, og gått ut like etterpå og faktisk fått sjokk over korleis sminken eigentleg ser ut...Eg vil heller ikkje anbefale å legge solpudder på rein hud da den fort kan sjå skitten ut, og det er det vel ingen som vil? Det er mykje finare om ein legger solpudderet over pudder/foundation. Ein skal også påføre solpudderet der sola kjem lettast til, og ein skal ikkje bli brun av det; ein skal få ein fin glød.

Tre ulike blush fargar fra badehylla

Det er sjølvsagt masse anna eg kunne tatt med... Eg kunne alltid skreve om korleis ein skal påføre produktet osv, men eg tenker at ein kan finne mykje informasjon om det på nettet. Det som er viktig med sminke er å prøve seg fram, og finne produkt ein blir fornøygd med. Eg kunne skreve masse om kor viktig det er med rett farge, men eg trur dei fleste begynna å bli klar over dette. Det er jo absolutt ikkje fint med jenter med to foundation-nummer for mørk, eller for lys for den skyld. Hud som ser naturlig ut er alltid det finaste, meinar eg. Så må ein huske på å la huden puste om natta og enkelte dagar - Fjern alltid sminken før du legger deg, uansett kor trøtt du er. Du vil vertfall ikkje angre om morgonen. Sminkefrie daga er også heilt supert for huden. 

Ein må også vere klar over at enkelte produkt kan forårsake urein hud. Da vil eg anbefale deg å finne ut korleis produkt som gjer det, og bytte det ut med eit anna produkt/merke. Og som med mange andre ting; øvelse gjer mester. 

Dato: fredag 25. februar 2011    //   Tid: fredag, februar 25, 2011   //   Kommentarer: 11


Om du lure på noke kan du kontakte meg på monicaflatland@hotmail.no







Follow Foto

Moteblogger

Bloggen er underlagt lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder, design eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold, og det som ikke er eget får oppgitt kilder.






Designet laget av Helene // humlekyss.net