foyot.blogspot.com
Blogg | Om meg | Inspirasjon | Kontakt
Ein draum er jo å jobbe innan eit magasin, men der kjem utfordringa. Tenk å måtte skrive akkurat når ein får beskjed om det. Noke av det vanskeligaste eg veit, er nettopp det. Skrive på sekundet, gjerne dei sekunda ein mangla inspirasjon også. Det er eigentleg rart det der, at når eit sit å skal skrive ein stil mangla ein inspirasjon, men plutselig ein kveld når ein ligger å surfar på nettet, kjem alt. Orda, tankane & setningane. Krativiteten. Inspirasjonen. Eg tippa det er hardt, og utfordrande å jobbe innan eit magsin, og vertfall innan ei avis, men igjen. Når ein sitter med det ferdige produktet, og kan sjå på det ein nettopp har laga, er ikkje det flott? Blir ein ikkje stolt da?

 Eg trur vertfall eg hadde vore stolt, og eg håpa at eg får bli stolt over akkurat det der ein dag. For drømmen er jo å mikse foto/mote/skriving & reise innan eit magasin. Hardt og utfordrande, men det trenge ein. Eg trenge det. Eg trenge noke som kan utfordra meg, og derfor synest eg blogging er ein så fin ting. Å finne på nye ting, tenke litt nytt og "produsere" noko nytt. Sjølvsagt blir det ikkje alltid sånn, men dei gangane det er sånn, ja da blir eg stolt. Eg blir så stolt når eg kan inspirera folk, og gi folk meirsmak. Til både foto & mote. Det er jo nettopp det eg vil. Eg vil fortelle noke, eg vil dele noke.

 Eg vil dele dei tinga som opptar meg, men også ein del av meg. Det er jo ingenting som er så kjekt som å få skrive om produkt eg meinar er gode, plassar eg meinar er fine, og ting eg lika. Det er det som er så fint med blogg. Eg kan skrive akkurat det eg vil. Det er det som er så fint med ein uavhengig blogg. Eg trenge ikkje blogga om eit spesielt tema, men akkurat det som fell meg inn. Akkurat det eg vil skrive om. Eg elska å tenke på bloggen min, som mitt eige magasin. Der eg er redaktøren, der eg er fotografen, journalisten og web designaren.

Det som er så rart er at folk faktisk vil lese om det eg skriv. Sjå dei bileta eg legg ut. Er det ikkje litt sært? At vi bruka så masse tid på å lese&sjå det andre mennesker legger ut? At vi synest det er spennande, og finne underholdning i det?? Bra er det vertfall, fordi det er akkurat folk greie å leve av det dei lika mest. Nemmleg blogging. Vi har nokon gode eksempel av det her i Norge, men enda fleire i Sverige og videre. Blir jammen spennande å sjå korleis blogginga vil utvikle seg framover, og korleis magasina vil utvikle seg. Vil det i det heile vere papirutgaver av magasin om noken år? Eg håpa det. Korleis vil det vere med blogginga om nokre år da, vil toppbloggerane ta imot jobbsøknada, eller vil dei skrive jobbsøknad? 

Dato: mandag 28. mars 2011    //   Tid: mandag, mars 28, 2011   //   Kommentarer: 4


Om du lure på noke kan du kontakte meg på monicaflatland@hotmail.no







Follow Foto

Moteblogger

Bloggen er underlagt lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder, design eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold, og det som ikke er eget får oppgitt kilder.






Designet laget av Helene // humlekyss.net