foyot.blogspot.com
Blogg | Om meg | Inspirasjon | Kontakt
Etter eg fekk jobb på parfymeriet har interessen for sminke og hudprodukt øka heilt enormt. Før var sminke sminke. Veldig glad i det, men ikkje på den måten som eg er i dag. Det er heilt rart kor mykje det kan gjer, kor annleis ein person kan sjå ut med litt sminke, berre med litt maskara. Eg har sjølvsagt lært meg masse, og fått mange sjokk, særleg innen hudprodukt. Tenk kor viktig det er å beskytte huden sin mot sola, rense huden før ein legger seg med skikkelige renseprodukt, og ikkje sånne ein kjøpe på matbutikken. Ein skal jo faktisk ha huda si resten av livet, så akkurat den kan ein spandere på litt.
Det er ein ting som er veldig viktig når det gjeld hudprodukt, og det er å finne produkt som passa sin hud. Kor mange er det ikkje som kjøpe eit produkt som vennina seier er bra? Du kan vere så heldig at det faktisk er bra til huda di og, men du kan jammen oppleve at det har null effekt, eller at det får ein negativ effekt. Eg kjøpte ein rense-serie for ei god stund sia, men oppdaga at det faktisk gav meg urein hud, og det skal det jo ikkje gjere. Kvifor? Jo, det skal eg fortelle deg. Eg trudde eg hadde hudtypen kalla feit, altså feit hud. Det som er saken er at eg ikkje har feit hud, men tørr, og da seie det seg sjølv at det ikkje kunne vere bra. Renseprodukta var rettogslett for sterke for huden min, noko som førte til ureinheiten. Så pass på at du finner ut koreis hudtype du har, sånn at du kan kjøpe produkt deretter. 

Ein anna ting når vi snakka om huden er fuktigheit. Veldig viktig å bruke ein god fuktigheitskrem, som igjen passa huden din. Om du har sensitiv hud, tørr hud, normal osv. Det er også viktig å tenke på korleis du lika kremen, noken lukta foreksempel veldig masse, mens andre kan ein omtrent ikkje kjenne noko av. Smak og behag rettogslett. Dei ansatte på dei ulike parfymeria/hudforetningane er jo der for å hjelpe deg, så du må ikkje vere redd for å spørre om ulike ting. Bedre å spør om ulike ting/produkt, enn å kjøpe produkt som blir nedstøva i badeskapet. 
Desverre er det ofte sånn at ein må prøve og feile når det gjeld sminke og hudprodukt. Du vil nok ha kjøpt ein del produkt, før du finne den endelige favoritten. Heldigvis er det på den måten du finne ut korleis produkt som er bra for huden din, korleis produkt du lika og er fornøygd med. Du får vite meir om korleis huden din reagera på ulike produkt og kva som passa deg. Alle har vel bomma litt på sminken. Kor mange av vennene dine er det ikkje som har hatt eit ganske fint skille etter ein litt for mørk foundation, eller sammenklistra auge av litt for masse maskara? Vi har alle vore der, men det er akkurat dei tinga vi lære av. Så tenk på det, neste gang du får lyst å gjer narr av ei 13år gammal jenta med litt for masse sminke. Mest sannsynleg har du nok vore ho, eingang. Det har vi alle. 

Ein anna ting eg må få sei er at nesten ingen har perfekt hud, så ikkje grav deg ned om du får litt ureinheita her og der. Berre ikkje pøs på med ulike sterke produkt, så er det nok vekke på null komma niks. Så må eg få lov å anbefale alle å leike seg med sminke. Prøv gjerne å smink deg litt annleis, berre for å teste det ut. Du vil nok sjå at mange forskjellige look blei overraskande fine, og kanskje du finne deg ein ny favoritt look? Øvelse gjer mester veit dikka. Det gjeld nok her også. Å sminke seg skal jo vere morsomt, så om du tenke på det som eit ork burde du anten ta ein god pause, eller fornye sminken din litt.
*Er absolutt ingen *proff* når det kjem til sminke eller hud, men eg håpa du vertfall fekk noke ut av dette her. 
*Ve litt forsiktig med kva du trur på av tipsa til dei som får betalt for å skrive om produkt. Alle seie at meiningane deiras ikkje kan bli kjøpt, men kvifor har ingen av dei enda skrive noko negativt om produkt? Tenk litt på den...
*Om du synest alle har så sjukt rein hud på bilde burde du huske på kor enkelt det er å ta vekk ureinheita i redigeringsprogram. Når ein tenke på kor masse ein sjølv kan, er det skummelt å tenke på kva ein proff i photoshop kan gjer. 
*Alle bildene er funnet på weheartit som er ei utruleg dårleg kjelde...

Om det er interesse for det kan eg alltids fortelle litt om korleis sminke eg bruka/anbefala?
Dato: lørdag 16. april 2011    //   Tid: lørdag, april 16, 2011   //   Kommentarer: 4


Om du lure på noke kan du kontakte meg på monicaflatland@hotmail.no







Follow Foto

Moteblogger

Bloggen er underlagt lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder, design eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold, og det som ikke er eget får oppgitt kilder.






Designet laget av Helene // humlekyss.net